Simon Steen-Andersen: Pretty Sound - Solo and chamber works
24 March 2011
Dagbladet
Ida Habbestad
Poetisk lyd
Kommunikasjon er eit omfatande omgrep. Processen som
involverer avsandar og mottakar er forska på i mange former. In her Frown for
papir, stemme og lydar, kan sjåast som ei aiga lita forsking, med eit
fascinerande samspel mellom to som arbeider i hermande dialog.
Samtalen består av ørsmå lydar - kviskring, pust og
plystring - knytte til ein (her uforståeleg) tekst om det å kommunisera.
Stykket vers soleis ein snedig helsing til lyttaren, som kan følgja den
abstrakte dialogen, medan det tekstlege uttrykket er fordekt.
Slike spel mellom det tydeleg kommuniserande og det dust
fordekte, er gjennomgåande i danske Simon Steen-Andersens musikk. Ved innspelinga
er mikrofonane plassert tett inntil instrumenta, og me høyrer detaljerte, ofte
ikkje-musikalske lydar som komponisten ikkje berre forsterkar, men og let vera
utgangspunkt i komposisjonen sin. Interessa kan samanliknast med fokuset på
språklege fornem, på den minste lyd som dannar meining.
Interessa kan og samanliknast med barnet si tilnærmning til
lyd, auffektert av akilnaden mellom det normerte strygt og fint. I stykket On
And Off And To And Fro får ein og same lyd framstå var og absurd, jamvel
valdsam. Ei rekkje sinustonar minner først om mystisk fugleliv i skogen, så om
det musikalske bakteppet i eit dataspel, der "game over" er farleg nær. I sum
presenterer plata lyd som poesi: vart og sildrande, robust og leikent, og
innbyd til lytting om og om igjen.
Prosjektet, finansiert av Norsk kulturråd, viser eit
samarbeid me ser for lite over landegrensene. Dei nordiske landa er beskyttande
når det kjem til eigen musikk, og ein får lite kjennskap til komponistar
utanfrå. Asamisimasa sitt svært raffinerte arbeid med Steen-Andersen musikk
syner at møtepunkta burde vore fleire; som ein vinn-vinn situasjon for både
avsendar og mottakar.