English English    Amerikanske dollars (skift)
Dacapo Forsiden
Dacapo - Danmarks Nationale Musikantologi
e-maerket

Format:  CD

Katalognummer:  8.226523

Stregkode:  636943652329

Udgivelsesdato:  Jan 2011

Periode:  21. århundrede

Anmeldelse


Simon Steen-Andersen: Pretty Sound - Solo- og kammermusik

24 March 2011  Dagbladet
Ida Habbestad

Poetisk lyd

Kommunikasjon er eit omfatande omgrep. Processen som involverer avsandar og mottakar er forska på i mange former. In her Frown for papir, stemme og lydar, kan sjåast som ei aiga lita forsking, med eit fascinerande samspel mellom to som arbeider i hermande dialog.

Samtalen består av ørsmå lydar - kviskring, pust og plystring - knytte til ein (her uforståeleg) tekst om det å kommunisera. Stykket vers soleis ein snedig helsing til lyttaren, som kan følgja den abstrakte dialogen, medan det tekstlege uttrykket er fordekt.

 

Slike spel mellom det tydeleg kommuniserande og det dust fordekte, er gjennomgåande i danske Simon Steen-Andersens musikk. Ved innspelinga er mikrofonane plassert tett inntil instrumenta, og me høyrer detaljerte, ofte ikkje-musikalske lydar som komponisten ikkje berre forsterkar, men og let vera utgangspunkt i komposisjonen sin. Interessa kan samanliknast med fokuset på språklege fornem, på den minste lyd som dannar meining.

Interessa kan og samanliknast med barnet si tilnærmning til lyd, auffektert av akilnaden mellom det normerte strygt og fint. I stykket On And Off And To And Fro får ein og same lyd framstå var og absurd, jamvel valdsam. Ei rekkje sinustonar minner først om mystisk fugleliv i skogen, så om det musikalske bakteppet i eit dataspel, der "game over" er farleg nær. I sum presenterer plata lyd som poesi: vart og sildrande, robust og leikent, og innbyd til lytting om og om igjen.

 

Prosjektet, finansiert av Norsk kulturråd, viser eit samarbeid me ser for lite over landegrensene. Dei nordiske landa er beskyttande når det kjem til eigen musikk, og ein får lite kjennskap til komponistar utanfrå. Asamisimasa sitt svært raffinerte arbeid med Steen-Andersen musikk syner at møtepunkta burde vore fleire; som ein vinn-vinn situasjon for både avsendar og mottakar.

 





A CC Music Store Solution